FRIE RØMMINGSVEGAR / GANGSONE
Det er ikkje tillate å bygge, plassere stands eller utstillingsmateriell utanfor tildelt standområde, og stand som har nødutgang i umiddelbar nærheit eller i tilknytning til standarealet. Standen må tilpassast slik at frie rømmingsvegar blir sikra. Gangsone i messeområdet vert innanfor krava på 1,9 meter.
BRANNFORSKRIFT
Nedanfor følgjer Brannvesenet sine bestemmelser som gjeld stands, paviljonger og dekorasjonar i messeanlegget:
- Lett antennelege og ildsfarlege saker må ikkje oppbevarast eller nyttast i lokalet utan arrangøren sitt samtykke.
- Sjølvantenneleg avfall skal berre oppbevarast på eige område ute. Det vert satt opp raud søppeldunk med lokk i dette området.
- Røyking, bruk av ild og open flamme i lokala er forbode.
- Det er ikkje tillate å oppbevare bensin på kanner eller fat i utstillingsområdet. Dette skal oppbevarast på eige området ute.
- Det er ikkje lov å blokkere eller sperre nødutgangar.
- Det er ikkje lov å blokkere eller sperre rømmingsvegar. I rømmingsvegane er det ikkje tillatt å henge opp plakat eller liknande som kan hindre fri sikt til nødutgangskilt.
- Brannpostar skal vere lett tilgjengelege og synlege. Det er ikkje tillatt å dekke til eller blokkere desse postane. Brannpostar kan vere brannslanger, brannsløkningsapparat eller brannmeldarar. Brannslangen kan ikkje nyttast av utstillarar utan skriftleg godkjenning av arrangør. Utstillarane må ha med eige brannsløkningsapparat.
- Det er ikkje tillate å røyke i messehallane og all bruk av open ild er til ei kvar tid forbode.
GASS / TRYKKFLASKER
Det er ikkje tillate med trykkbeholdar for kategori 1 og 2 gass (eks. propan, butan eller blandingar av desse), hydrogen, LNG (flytande naturgass), biogass, acetylen inne i hallane. Dette skal berre nyttast på eige område ute.
RØMMINGSPLAN / EVACUATION PLAN ULSTEINHALLEN
